Du må kunne dokumentere vurderingane dine, og pasientjournalen skal innehalde alle relevante og nødvendige vurderingar. Sjå følgjande regelverk:
lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) §§ 39 og 40
forskrift om pasientjournal §§ 6-8
Som tannpleiar må du innhente nødvendig dokumentasjon før du startar opp behandling det er aktuelt å krevje refusjon for. Dersom Helfo kontrollerer refusjonskravet, vil vi be deg om å legge fram den aktuelle dokumentasjonen.
Dømer på kva som kan vere relevant dokumentasjon er
- legeerklæring
- kopi av aktuelle delar av pasientjournalen
- røntgenbilder
- foto og prøvesvar
- yrkesskadevedtak frå NAV
Pasientjournalen skal innehalde opplysningar som er relevante og nødvendige. Den skal innehalde foreløpig diagnose, observasjonar, funn, undersøkingar, plan eller avtale om vidare oppfølging. I dei tilfella der du gjennomfører behandlingstiltak som ikkje er i samsvar med gjeldande retningslinjer, er det eit særleg behov for å dokumentere kvifor denne behandling er starta opp.
Korleis du skal dokumentere refusjonskrav er nærare beskrive i
og irundskriv til folketrygdloven § 5-6, § 5-6 a og § 5-25