Hopp til hovedinnholdet

Slik dokumenterer tannlege refusjonskrav

Når du sender refusjonskrav, er det viktig at du kan dokumentere at refusjonsvilkåra er oppfylte. Då sikrar du at Helfo kan kontrollere om refusjonskravet som er sett fram, er rett.

Du må kunne dokumentere vurderingane dine, og pasientjournalen skal innehalde alle relevante og nødvendige vurderingar. Sjå følgjande regelverk:

lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) §§ 39 og 40

forskrift om pasientjournal §§ 7 og 8

Som tannlege må du innhente nødvendig dokumentasjon før du startar opp behandling det er aktuelt å krevje refusjon for. Dersom Helfo kontrollerer refusjonskravet, vil vi be deg (dersom du har avtale med Helfo om direkteoppgjer) eller pasienten din (dersom du ikkje har avtale om direkteoppgjer) om å legge frem den aktuelle dokumentasjonen.

Dømer på kva som kan vere relevant dokumentasjon er

  • legeerklæring
  • kopi av aktuelle delar av pasientjournalen
  • røntgenbilder
  • foto og prøvesvar
  • yrkesskadevedtak frå NAV

Pasientjournalen skal innehalde opplysningar som er relevante og nødvendige. Den skal innehalde foreløpig diagnose, observasjonar, funn, undersøkingar, plan eller avtale om vidare oppfølging. I dei tilfella der du gjennomfører behandlingstiltak som ikkje er i samsvar med gjeldande retningslinjer, er det eit særleg behov for å dokumentere kvifor denne behandling er starta opp.

Korleis du skal dokumentere refusjonskrav er nærare beskrive i følgjande regelverk:

rundskriv med regelverk og takster vedrørende stønad til dekning av utgifter til tannbehandling («Det gule heftet»)

forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos tannlege og tannpleier for sykdom

Dersom ein anna behandlar har tilvist pasienten til deg, har du likevel ei sjølvstendig plikt til å sørgje for at nødvendig dokumentasjon ligg føre, samt dokumentere eigne funn og vurderingar.

Vi minner om at dersom stønadsretten ikkje er dokumentert, kan Helfo krevje tilbake utbetalt refusjon i forbindelse med etterfølgjande kontroll. Dette betyr at du må ha nødvendig dokumentasjon før du sender refusjonskrav til Helfo. Vi oppfordrar deg derfor til å lese nøye om kvar tilstand og kva vurderingar og kva dokumentasjon som vert kravd.

Helfo ser at mangelfull dokumentasjon går igjen i forbindelse med krav om refusjon for spesielt nokre tilstandar/tilfelle. Ved å følge lenkene kan du lese meir om disse:

Først publisert: 21.03.2019