Slik dokumenterer lege refusjonskrav

Når du sender refusjonskrav, er det viktig at du kan dokumentere at refusjonsvilkåra er oppfylte. Då sikrar du at Helfo kan kontrollere om refusjonskravet som er sett fram, er rett.

Ordninga med direkte oppgjer er tillitsbasert, og det er ditt ansvar å sørgje for at refusjonskrava dine alltid er i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtale. Helfo gjennomfører kontrollar av helseaktørar på fleire nivå. Kontrollane skal bidra til at refusjonen utbetalt frå Helfo er korrekt. Dette er med på å sikre at folketrygda sine midlar blir forvalta rett. Les meir om kontroll av refusjonskrav.

Krav til dokumentasjon

Det er viktig at du kan dokumentere at refusjonsvilkåra er oppfylte når du sender refusjonskrav. Då sikrar du at Helfo kan kontrollere om refusjonskravet som er sett fram, er rett.

Du må dokumentere alle behandlingar/konsultasjonar for kvar pasient. Dette gjer du på enklast og best vis i pasientjournal.

Du må setje deg godt inn i krava til dokumentasjon.

Helfo vurderer det slik at du har dokumentert tilstrekkeleg dersom du oppfyller krava i følgjande forskrifter:

forskrift om pasientjournal §§ 6-8

lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) §§ 39 og 40

Ved risikobaserte etterkontrollar ser Helfo at dokumentasjon på utført behandling ofte kan vere mangelfulle. 

Her er nokre eksempel på journalføring henta frå kontrollsaker, som viser ufullstendig dokumentasjon av takstbruken: 

Takst 11a+615. Du er i sjukebesøk heime hjå pasient som du kjenner godt. Her gjer du ulike undersøkingar og har ein terapeutisk samtale med pasienten, som har psykiske problem. Du skriv i journalen: «Heimebesøk. Støttande samtale». 

Takst 1f. Heimesjukepleie ringer om pasienten sin helsetilstand, behandling og medisinering. Du vel kontaktform og denne standardteksten kjem automatisk opp i journalen din: «Telefonamtale med komm.helse mm.» Det vert ikkje skrive ytterligare informasjon i journal om årsaka og innhaldet i samtalen.

Takst 1bd. Du mottek telefon frå ein pasient. Når du vel kontaktform i journalsystemet ditt, kjem denne standardteksten automatisk inn i systemet: «Telefon.» Det vert ikkje skrive ytterligare informasjon i journal om årsaka og innhaldet i samtalen. 

Eksempla ovanfor gjer ikkje nok informasjon om kva arbeid som er utført eller om vilkåra er oppfylt. 

 

 

Først publisert: 21.03.2019