Hopp til hovedinnholdet

Slik dokumenterer fysioterapeut refusjonskrav

Når du sender refusjonskrav, er det viktig at du kan dokumentere at refusjonsvilkåra er oppfylte. Då sikrar du at Helfo kan kontrollere om refusjonskravet som er sett fram, er rett.

Ordninga med direkte oppgjer er tillitsbasert, og det er ditt ansvar å sørgje for at refusjonskrava dine alltid er i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtale. Helfo gjennomfører kontrollar av helseaktørar på fleire nivå. Kontrollane skal bidra til at refusjonen utbetalt frå Helfo er korrekt. Dette er med på å sikre at folketrygda sine midlar blir forvalta rett. Les meir om kontroll av refusjonskrav.

Krav til dokumentasjon

Du må dokumentere refusjonskravet i journal, inkludert kva undersøkingar som er utført og kva behandling som er gitt i det enkelte tilfellet.

Det er viktig at du kan dokumentere at refusjonsvilkåra er oppfylte når du sender refusjonskrav. Då sikrar du at Helfo kan kontrollere om refusjonskravet som er sett fram, er rett.

Du må difor setje deg godt inn i krava til dokumentasjon. Pasientjournalen skal innehalde alle opplysningar som er relevante og nødvendige, jf. helsepersonelloven med tilhøyrande forskrifter:

helsepersonelloven

forskrift om pasientjournal §§ 7 og 8

 

Først publisert: 21.03.2019 Sist endret: 30.06.2019