Retting av feil i enkeltrekningar frå tannlege

Du kan rette opp feil i rekningar som blir avvist av Helfo.

Avviste rekningar

Utbetalingsvedtaket gir informasjon om det er nokon av rekningane i refusjonskravet du har sendt til Helfo, som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempel på vanlege feil:

  • bruk av takstar som ikkje kan kombinerast med vald tilstand
  • bruk av takstar som ikkje kan nyttast i kombinasjon med andre takstar
  • manglande opplysningar på rekningar som gjer at Helfo sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slike feil må du korrigere og sende inn på nytt så snart som mogleg for at pasienten skal få godkjent eigendelen i frikortoppteninga.

Refusjonskravet blir likevel ikkje forelda før det har gått 3 år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Dersom du meiner at du feilaktig har fått avvist ei rekning kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er 6 veker frå du mottok vedtaket.

Eksempel på avvisningsårsaker

Avvisningsårsak: «Duplikatrekning: Rekninga er allereie innsendt som rekningsnummer xxx»

Forklaring: Helfo sitt kontrollprogram gir beskjed om at du har sett fram refusjonskrav for same pasient og same takstar to gonger i løpet av ei kort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan skuldast at du ved en feil har skrive rekninga to gonger. Det kan også i nokre tilfelle skje at du faktisk har hatt pasienten inne til eksempelvis konsultasjon for to ulike problemstillingar i løpet av kort tid same dag, men at du har gløymt å endre klokkeslettet for når konsultasjonen fann stad.

Først publisert: 25.04.2019