Retting av feil i enkeltrekningar frå psykolog

Du kan rette opp feil i rekningar som blir avvist av Helfo.

Avviste rekningar

Utbetalingsvedtaket gir informasjon om det er nokon av rekningane i refusjonskravet du har sendt til Helfo, som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempel på vanlege feil:

  • bruk av takstar som er ulovlige i kombinasjon med andre takstar
  • ulovlege takstar
  • feil klokkeslett på rekninga
  • manglande opplysningar på rekningar som gjer at Helfo sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slike feil må du korrigere og sende inn på nytt så snart som mogleg for at pasienten skal få godkjent eigendelen i frikortoppteninga.

Refusjonskravet blir likevel ikkje forelda før det har gått 3 år frå dato på utbetalingsvedtaket.

 

Dersom du meiner at du feilaktig har fått avvist ei rekning kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er 6 veker frå du mottok vedtaket.

Eksempel på avvisningsårsaker

Avvisningsårsak: «Duplikatregning: Regningen er allerede innsendt som regningsnummer xxx»

Forklaring: Helfo sitt kontrollprogram avdekker at du har sett fram refusjonskrav for same pasient og same takst to gonger i løpet av einkort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan enten skuldast at du ved ein feil har skrive rekninga to gonger, eller at hjelpepersonell har skrive ei rekning og du ei anna for same behandling.

Det kan også i nokre tilfelle skje at du faktisk har hatt pasienten inne til eksempelvis konsultasjon for to ulike problemstillingar i løpet av kort tid same dag, men at du har gløymt å endre diagnose og klokkeslett for når konsultasjonen fann stad.

 

Først publisert: 28.03.2019