Retting av feil i enkeltrekningar frå logoped og audiopedagog

Du kan rette opp feil i rekningar som blir avvist av Helfo. Du kan også rette opp feil du oppdagar etter utbetaling.

Avviste rekningar

Utbetalingsvedtaket gir informasjon om det er nokon av rekningane i refusjonskravet du har sendt til Helfo, som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempel på vanlege feil:

    • feil eller manglande klokkeslett på rekninga
    • manglande tilvising (henvisning) datert før behandlingsstart
    • manglande opplysningar på rekninga som gjer at Helfo ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

    Rekningar med slike feil må du korrigere og sende inn på nytt så snart som mogleg for at pasienten skal få godkjent eigendelen i frikortoppteninga.

    Refusjonskravet blir likevel ikkje forelda før det har gått 3 år frå dato på utbetalingsvedtaket.

    Dersom du meiner at du feilaktig har fått avvist ei rekning kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er 6 veker frå du mottok vedtaket.

    Eksempel på avvisningsårsaker

    Avvisningsårsak: «Duplikatregning: Regningen er allerede innsendt som regningsnummer xxx»

    Forklaring: Helfo avdekker at du har sett fram refusjonskrav for same pasient og same takst to gonger i løpet av ei kort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan skuldast at du ved en feil har skrive rekninga to gonger.

    Avvisningsårsak: «Kravet er for seint framsett.»

    Forklaring: Behandler/tjenesteyter skal sette fram refusjonskrav innan seks måneder etter at refusjonskravet oppstod, og det foreldast i henhald til samme frist.

    Avvisningsårsak: «Behandlinga er starta opp før datoen på legen si henvising til logoped/audiopedagog-behandling.»

    Forklaring: Det er ikkje mogeleg å krevje refusjon for behandling som er utført før dato på henvisning.

    Avvisningsårsak: «Feil bruk av takst 1, undersøking.»

    Forklaring: Takst 1, undersøking, kan kun krevjast refusjon for to gongar i løpet av same behandlingsperiode.

    Avvisningsårsak: «Det er kun angitt ein person ved refusjon av takst 4, behandling i gruppe på opptil fem personar.»

    Forklaring: Det skal angis navn på alle personar i gruppa ved krav om refusjon av denne taksten.

     

    Først publisert: 25.04.2019