Retting av feil i enkeltrekning frå kiropraktor

Du kan rette opp feil i rekningar som blir avvist av Helfo.

Avviste rekningar

Utbetalingsvedtaket gir informasjon om det er nokon av rekningane i refusjonskravet du har sendt til Helfo, som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempel på vanlege feil:

  • bruk av takstar som er ulovlege i kombinasjon med andre takstar
  • feil klokkeslett på rekninga
  • manglande opplysningar på rekningar som gjer at Helfo sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slik feil kan du korrigere og sende inn på nytt innan 3 år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Dersom du meiner at du feilaktig har fått avvist ei rekning kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er 6 veker frå du mottok vedtaket.

Eksempel på avvisningsårsaker

Avvisningsårsak: «Duplikatrekning: Rekninga er allereie innsendt som rekningsnummer xxx» 

Forklaring: Helfo sitt kontrollprogram gir beskjed om at du her sett fram refusjonskrav for same pasient og same takstar to gongar i løpet av ei kort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan enten skuldast at du ved ein feil har skrive rekninga to gongar, eller at hjelpepersonell har skrive ei rekning og du ei anna for same behandling.

Først publisert: 25.04.2019