Hopp til hovedinnholdet

Retting av feil i enkeltrekning frå jordmor

Du kan rette opp feil i rekningar som blir avvist av Helfo.

Avviste rekningar

Utbetalingsvedtaket gir informasjon om det er nokon av rekningane i refusjonskravet du har sendt til Helfo, som er avvist på grunn av feil. Her er nokre eksempel på vanlege feil:

  • bruk av takstar som ikkje kan kombinerast med andre takstar
  • bruk av takstar som Helfo ikkje refunderer
  • feil eller manglande klokkeslett på rekninga
  • manglande opplysningar på rekninga frå helsestasjon som gjer at Helfo sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slik feil kan du korrigere og sende inn på nytt innan 3 år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Dersom du meiner at du feilaktig har fått avvist ei rekning kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er 6 veker frå du mottok vedtaket.

Eksempel på avvisningsårsaker

Avvisningsårsak: «Duplikatrekning: Rekninga er allereie innsendt som rekningsnummer xxx» 

Forklaring: Helfo sitt kontrollprogram avdekker at du har sett fram refusjonskrav for same pasient og same takst to gonger i løpet av ei kort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan enten skuldast at du ved en feil har skrive rekninga to gonger, eller at hjelpepersonell har skrive ei rekning og du ei anna for same behandling.

Det kan også i nokre tilfelle skje at du faktisk har hatt pasienten inne til eksempelvis konsultasjon for to ulike problemstillingar i løpet av kort tid same dag, men at du har gløymt å endre diagnose og klokkeslett for når konsultasjonen fann stad.

Avvisingsårsak: «Rekninga er avvist fordi jordmor/helsestasjon ikkje har brukt rett takstbeløp»

Forklaring: Jordmor/helsestasjon har sjølv ansvaret for å sette seg inn i og bruke rett takst og takstbeløp. Desse summane blir justert 1. juli kvart år. Dersom rekninga har feil takstsum, må jordmor/helsestasjon sende korrigert rekning til Helfo.

Eksempel på avvist rekning som ikkje kan korrigerast: «Rekninga er avvist fordi takst 2 ikke refunderes av Helfo»

Forklaring: Takst 2 er ein egenbetalingstakst, og det er difor pasienten sjølv som må betale for dette. Takst 2 vert ikkje refundert av HELFO.

Først publisert: 25.04.2019