Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Retting av feil i enkeltrekningar frå tannlege og tannpleiar

Du kan rette opp feil i rekningar som er avvist eller godkjent av Helfo.

Refusjonskrav må settast fram innan 6 månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret ditt. Krav framsatt etter 6 månader er forelda. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden. 

Retting av rekningar som er registrert i EPJ-system

Retting av avvist rekning:

Har du sendt Helfo ei rekning og fått den avvist på grunn av feil som til dømes

  • feil takst
  • ulovleg takstkombinasjon
  • feil behandlingsdato eller klokkeslett
  • feil diagnose
  • eller av ein annan årsak

Då kan du gjere følgjande:

  • Korrigere rekninga og sende den inn på nytt.

Du sender inn den korrigerte rekninga så snart som mogleg. Dersom du meiner at ei rekning er avvist av Helfo ved ein feil, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er 6 veker frå du fekk vedtaket.

Retting av godkjent rekning:

Har du sendt Helfo ei rekning og fått den godkjent, men oppdagar i ettertid at rekninga var feilaktig framsett eller inneheldt feil som til dømes

  • feil takst
  • feil behandlingsdato eller klokkeslett
  • feil diagnose
  • eller av ein annan årsak

Då kan du gjere følgjande:

  • Annullere rekninga i EPJ-systemet ditt og send annullering i refusjonskravet/oppgjer til Helfo.
  • Når dette er gjort kan du sende ny, korrekt rekning til Helfo – dersom det er aktuelt. Dette er ikkje nødvendig dersom heile rekninga var feilaktig kravd.

Ei slik korrigering kan berre gjerast innanfor same praksis. Beløpet på annullert rekning vil gå i frådrag på neste oppgjer/utbetaling du får frå Helfo. Grunnen til at annullert rekning går i frådrag er at den blei utbetalt då den vart godkjent.

Du sender inn den nye rekninga så snart som mogleg. 

Først publisert: 25.04..04.2019 Sist fagleg oppdatert: 30.06.2021 Sjå tidlegare versjonar