Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Retting av feil i enkeltrekningar frå fysioterapeut

Du kan rette opp feil i rekningar som er avvist eller godkjent av Helfo.

Retting av rekningar som er registrert i EPJ-system

Retting av avvist rekning:

Har du sendt Helfo ei rekning og fått den avvist på grunn av feil som til dømes

  • feil takst
  • ulovleg takstkombinasjon
  • feil behandlingsdato eller klokkeslett
  • feil diagnose
  • eller av ein annan årsak

Då kan du gjere følgjande:

  • Korrigere rekninga og sende den inn på nytt.

Du sender inn den korrigerte rekninga så snart som mogleg. Fristen for å sende inn er seks – 6 - månader etter utgangen av den månaden behandlinga di fann stad. Dersom du meiner at ei rekning er avvist av Helfo ved ein feil, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er seks – 6 – veker frå du fekk vedtaket.

Retting av godkjent rekning:

Har du sendt Helfo ei rekning og fått den godkjent, men oppdagar i ettertid at rekninga var feilaktig framsett eller inneheldt feil som til dømes

  • feil takst
  • feil behandlingsdato eller klokkeslett
  • feil diagnose
  • eller av ein annan årsak

Då kan du gjere følgjande:

  • Annullere rekninga i EPJ-systemet ditt og send annullering i refusjonskravet/oppgjer til Helfo.
  • Når dette er gjort kan du sende ny, korrekt rekning til Helfo – dersom det er aktuelt. Dette er ikkje nødvendig dersom heile rekninga var feilaktig kravd.

Ei slik korrigering kan berre gjerast innanfor same praksis. Beløpet på annullert rekning vil gå i frådrag på neste oppgjer/utbetaling du får frå Helfo. Grunnen til at annullert rekning går i frådrag er at den blei utbetalt då den vart godkjent.

Du sender inn den nye rekninga så snart som mogleg. Fristen for å sende inn er seks – 6 - månader etter utgangen av den månaden behandlinga di fann stad.

Retting av rekningar som er registrert i tenesteportal

Informasjonen i dette avsnittet gjeld for deg som nyttar tenesta "Manuell registrering" i tenesteportalen. Dersom du registrerer rekningane dine i EPJ, men lastar opp innsendinga i portal, skal du følgje oppskrifta i avsnittet "Retting av rekningar som er registrert i EPJ".

Retting av avvist rekning:

Har du sendt Helfo ei rekning og fått den avvist på grunn av feil som til dømes

  • feil takst
  • ulovleg takstkombinasjon
  • feil behandlingsdato eller klokkeslett
  • feil diagnose
  • eller av ein annan årsak

Då kan du gjere følgjande:

  • Opprette ei ny, korrekt enkeltrekning i portalen og sende den til Helfo.

Du sender inn den nye rekninga så snart som mogleg. Fristen for å sende inn er seks – 6 - månader etter utgangen av den månaden behandlinga di fann stad.

Dersom du meiner at ei rekning er avvist ved ein feil kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er seks – 6 – veker frå du fekk vedtaket.

Retting av godkjent rekning:

Har du sendt Helfo ei rekning og fått den godkjent, men oppdagar i ettertid at rekninga var feilaktig framsett eller inneheldt feil som til dømes

  • feil takst
  • feil behandlingsdato eller klokkeslett
  • feil diagnose
  • eller av ein annan årsak

Då kan du gjere følgjande:

  • Send ein e-post til post@helfo.no der du skriv rekningsnummeret og ber om at rekninga vert annullert NB: Ikkje legg ved personopplysningar i e-posten.
  • Dersom du ikkje har rekningsnummeret, må du ringe til Helfo veiledning for helseaktørar på 23 32 70 40, og be om hjelp til å korrigere.
  • Når rekninga er annullert av Helfo, kan du opprette ei ny rekning med korrekt informasjon og sende denne til Helfo. Dette er ikkje nødvendig dersom heile rekninga var feilaktig kravd.

Ei slik korrigering/annullering kan berre gjerast innanfor same praksis. Beløpet på annullert rekning vil gå i frådrag på neste oppgjer/utbetaling du får frå Helfo. Grunnen til at annullert rekning går i frådrag er at den blei utbetalt då den vart godkjent.

Du sender inn den nye rekninga så snart som mogleg. Fristen for å sende inn er seks – 6 - månader etter utgangen av den månaden behandlinga di fann stad.

Først publisert: 22.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 23.06.2021