Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Utbetaling frå Helfo til logoped og audiopedagog

Etter at du har sendt inn eit refusjonskrav til Helfo, og dette er utbetalt, vil du få eit utbetalingsvedtak. Du kan også finne samanstilte tal frå oppgjera dine i tenesteportalen for helseaktørar.

Etter at du har sendt refusjonskravet ditt til Helfo blir det gjennomført automatisk kontroll av kravet. Når kravet er ferdig kontrollert, vert oppgjeret sendt til utbetaling. Utbetalingsvedtaket blir sendt ut når pengane går inn på bankkonto.

Oversikt over dine krav

Dersom du er usikker på om kravet ditt er motteke i Helfo, eller om du av andre årsaker ynskjer oversikt over status på innsendte oppgjerskrav, finn du oversikt over desse i tenesteportalen for helseaktørar.

Eksempel på statusar:

  • Godkjent – betyr at refusjonskravet er godkjent og sendt til utbetaling. Her kan vere avvik mellom krav og utbetaling, forklaring på differansen finn du i utbetalingsvedtaket
  • Praksisvalg – betyr at Helfo manuelt må kople kravet ditt til rett praksis i vårt fagsystem. 

Les om korleis du finn og loggar på portalen her

 

Innsendingsoversikt.png

 

Utbetalingsvedtak

Vedtaket gir opplysningar om kva du har fått utbetalt i refusjon frå Helfo, og kva konto pengane har gått inn på.

Utbetalingsvedtaket gir også informasjon om takstbruken din og korleis den er samanlikna med andre i di yrkesgruppe. Du får også informasjon i vedtaket om det er nokon av rekningane du har sendt til Helfo som er avvist på grunn av feil.

Du kan klage på vedtaket. Fristen for å sette fram klage er 6 veker frå du fekk vedtaket.  

Husk at du kan be om å få vedtak frå Helfo på e-post. Sørg for å oppdatere e-postadressa di i Altinn.

Du kan lese om retting av feil i enkeltrekningar her.

Utbetalingsoversikt

Du som behandlar kan hente samanstilte tal frå oppgjera dine i tenesta "Oppgjør med Helfo" i tenesteportalen for helseaktørar.

Alle som har sendt inn refusjonskrav til Helfo, kan logge seg på og enkelt hente ut samanstilte tal til årsrapporten sjølve. Du kan velje kva periode du vil ha oversikt over, og du kan få utbetalingsoversikta som PDF- eller Excel-fil. Dersom du har fleire praksisar, kan du få tal for kvar praksis.

Les korleis du loggar deg på tenesteportalen her.

Skjermbilde av utbetalingsoversikt
Skjermbilde av utbetalingsoversikt

 

Først publisert: 25.04.2019 Sist fagleg oppdatert: 23.02.2021 Sjå tidlegare versjonar