Etter at du har sendt refusjonskravet ditt til Helfo blir det gjennomført automatisk kontroll av kravet. Når kravet er ferdig kontrollert, vert oppgjeret sendt til utbetaling. Utbetalingsvedtaket blir sendt ut når pengane går inn på bankkonto.
Utbetalingsvedtak
Vedtaket gir opplysningar om kva du har fått utbetalt i refusjon frå Helfo, og kva konto pengane har gått inn på.
Utbetalingsvedtaket gir også informasjon om takstbruken din og korleis den er samanlikna med andre i di yrkesgruppe. Du får også informasjon i vedtaket om det er nokon av rekningane du har sendt til Helfo som er avvist på grunn av feil.
Du kan klage på vedtaket. Fristen for å sette fram klage er 6 veker frå du fekk vedtaket.
Husk at du kan be om å få vedtak frå Helfo på e-post. Sørg for å oppdatere e-postadressa di i Altinn.
Du kan lese om retting av feil i enkeltrekningar her.
Utbetalingsoversikt
Du som behandlar kan hente samanstilte tal frå oppgjera dine i tenesta "Mine oppgjør" i tenesteportalen for helseaktørar.
Alle som har sendt inn refusjonskrav til Helfo, kan logge seg på og enkelt hente ut samanstilte tal til årsrapporten sjølve. Du kan velje kva periode du vil ha oversikt over, og du kan få utbetalingsoversikta som PDF- eller Excel-fil. Dersom du har fleire praksisar, kan du få tal for kvar praksis.
Les korleis du loggar deg på tenesteportalen her.
