Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Om utbetaling frå Helfo til apotek og bandasjist

Etter at de har sendt inn refusjonskrav til Helfo, og dette er utbetalt, vil de få eit utbetalingsvedtak.

Etter at du har sendt refusjonskravet til Helfo blir det gjennomført automatisk kontroll av kravet. Når kravet er ferdig kontrollert, vert oppgjeret sendt til utbetaling. Utbetalingsvedtaket blir sendt ut når pengane går inn på bankkonto.

Utbetalingsvedtak

Vedtaket gir opplysningar om kva du har fått utbetalt i refusjon frå Helfo, og kva konto pengane har gått inn på. 

Du får informasjon i vedtaket om det er nokon av rekningane du har sendt til Helfo som er avvist eller avkorta på grunn av feil. 

Vedtaka gir også oversikt over enkelte godkjente rekningar som har merknadar.

Merknadane i utbetalingsvedtaka er meint som rettleiing til apoteket eller bandasjisten.

Klage på utbetalingsvedtak

Du kan klage på vedtaket frå Helfo. Fristen for å klage på vedtak etter folketrygdlova er 6 veker frå du mottek vedtaket.  

Dersom vedtaket er fatta etter ein annan lovheimel, og det er oppgitt ein annan frist i ditt vedtak, er det denne fristen som gjeld. Det kan vere aktuelt å klage på eit utbetalingsvedtak frå Helfo dersom

  • du har fått avvist ei eller fleire enkeltrekningar på feil grunnlag
  • du har fått utbetalt feil beløp
  • du har fått avvist ei innsending eller enkeltrekning som var sendt inn for seint, men dette skjedde fordi du openbert ikkje var i stand til å sende inn kravet på tidspunktet for forelding, eller at du har fått misvisande opplysningar frå trygda sine organ - til dømes Helfo
  • du av andre årsaker er ueinig i innhaldet i vedtaket

Husk at du kan rette feil i enkeltrekningar sjølv. Du kan lese meir om retting av feil her.

Dersom du skal sende ei klage på vegne av nokon andre må du fylle ut og legge ved fullmaktskjema til klaga. Dette gjeld ikkje når det er ein advokat som klagar på vegne av deg. 

Les meir om behandling av klagesaker i Helfo her.

Aktuelt regelverk 

Forvaltningsloven (kapittel VI. Om klage og omgjøring)

Folketrygdloven (Kapittel 21. Saksbehandling i trygdesaker. Anke- og klagebehandling m.m. Då spesielt § 21-4, § 21-11 a og § 21-12.)

Først publisert: 29.03.2019 Sist fagleg oppdatert: 13.09.2022 Sjå tidlegare versjonar