Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Klage på vedtak frå Helfo

På denne sida finn du som er helseaktør informasjon om når det kan vere aktuelt å klage på eit vedtak frå Helfo, og korleis du gjer det.

Når kan det være aktuelt å klage?

Det kan vere aktuelt å klage på eit vedtak frå Helfo dersom

  • du har fått avvist ei eller fleire enkeltrekningar på feil grunnlag
  • du har fått eit vedtak om tilbakekrevjing 
  • du har fått avvist ei innsending eller enkeltrekning som var sendt inn for seint, men dette skjedde fordi du openbert ikkje var i stand til å sende inn kravet på tidspunktet for forelding, eller at du har fått misvisande opplysningar frå trygda sine organ - til dømes Helfo 
  • du har fått eit vedtak om tap av retten til å praktisere for trygda si rekning
  • du av andre årsaker er ueinig i vedtaket

Husk at du kan rette feil i enkeltrekningar sjølv. Du kan lese meir om retting av feil her.

Slik klagar du

Du kan sende klage på vedtak til Helfo via Altinn.

Før du logger deg inn i klageskjemaet bør du ha referansenummer på vedtak frå Helfo og eventuelle vedlegg klare. Logg på med BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides.

Husk fullmakt dersom du klagar på vegne av andre.

Dersom du skal sende ei klage på vegne av nokon andre må du fylle ut og legge ved fullmaktsskjema til klaga. Dette gjeld ikkje når det er ein advokat som klagar på vegne av deg.

Roller i Altinn

Dersom du skal logge inn og fylle ut skjemaet på vegne av ei verksemd, må du ha rolla «helse-, sosial- og velferdstjenester» i Altinn.

Les meir om roller på altinn.no

Frist

Fristen for å klage på vedtak etter folketrygdlova er 6 – seks – veker frå du mottek vedtaket.

Dersom vedtaket er fatta etter ein annan lovheimel, og det er oppgitt ein annan frist i ditt vedtak, er det denne fristen som gjeld.

Slik vert klaga behandla i Helfo

Når du har sendt klaga, vert den vurdert på nytt av Helfo. Du vil få eit brev med informasjon om forventa saksbehandlingstid. Nokon gongar treng vi fleire opplysningar enn dei du la ved klaga. Helfo vil då kontakte deg – via brev eller digital postkasse – og be om opplysningane.

Dersom klaga gir opplysningar som tilseier at vedtaket kan gjerast om vil du få eit nytt vedtak frå Helfo.

Dersom vi vurderer at opplysningane i saken ikkje gir grunnlag for å gjere om på vedtaket vil saken bli sendt vidare til eit eksternt klageorgan – Helseklage  – som går gjennom saken på nytt.

Når Helseklage er ferdig  å behandle saka vil du få eit vedtak frå dei. 

Saksbehandlingstid

Helfo behandlar klaga så snart som mogleg og seinast innan 6 – seks – månadar.

Dersom klaga di er vidaresendt til Helseklage, og du har spørsmål om saksbehandlingstida der, må du kontakte Helseklage direkte.

Aktuelt regelverk

Forvaltningsloven (kapittel VI. Om klage og omgjøring).
Folketrygdloven (Kapittel 21. Saksbehandling i trygdesaker. Anke- og klagebehandling m.m. Då spesielt § 21-4, § 21-11 a og § 21-12).

Privatpersonar skal sende klage på helsenorge.no

Privatpersonar finn informasjon om korleis dei skal klage på vedtak frå Helfo og Altinn-skjema på helsenorge.no.  
 

Først publisert: 01.04.2022 Sist fagleg oppdatert: 13.09.2022 Sjå tidlegare versjonar