Hopp til hovedinnholdet

Dette skal rekning frå logoped og audiopedagog innehalde

Du dokumenterer refusjonskravet til Helfo ved fullstendig utfylling av rekningane og god journalføring.

Innhaldet i rekningane gir grunnlag for kontroll før utbetaling, mens anna dokumentasjon kan bli etterspurt i samband med etterkontroll.

Dette må rekninga innehalde

Kvar rekning skal innehalde takstnummer, samt dato og klokkeslett for behandlinga.

I tillegg skal den innehalde pasienten sitt fødselsnummer, D-nummer eller anna eintydig identifikasjon i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.

Dersom du ikkje har EPJ (elektronisk pasientjournal) og ynskjer å sende refusjonskravet i posten, må du fylle ut følgende blankett:

Rekningsblankettane må vere fullstendig utfylte, du må sjølv signere nedst på kvar rekning.

Fødselsnummer eller D-nummer

Om pasienten ikkje har 11-sifra fødselsnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rett til stønad til medisinsk behandling, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerer då pasienten sitt namn, kjønn og fødselsdato i staden for fødselsnummer. Fødselsdato må skrivast i formatet ÅÅÅÅ-MM-DD. Skriv eventuelt merknad i merknadsfeltet med informasjon om kva dokumentasjon som er lagt fram.

Les om korleis du sender inn refusjonskrav til Helfo her.

Først publisert: 25.04.2019