Dette skal rekning frå fastløna jordmor innehalde

Du dokumenterer refusjonskravet til Helfo ved fullstendig utfylling av rekningane og god journalføring.

Innhaldet i rekningane gir grunnlag for kontroll før utbetaling, mens anna dokumentasjon kan bli etterspurt i samband med etterkontroll.

Dette må rekninga innehalde

Kvar rekning skal innehalde takstnummer, samt dato og klokkeslett for undersøking.

I tillegg skal den innehalde pasienten sitt fødselsnummer, D-nummer eller anna eintydig identifikasjon i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.

Fødselsnummer eller D-nummer

Om pasienten ikkje har 11-sifra fødselsnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rett til stønad til medisinsk behandling, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerer då pasienten sitt namn, kjønn og fødselsdato i staden for fødselsnummer. Fødselsdato må skrivast i formatet ÅÅÅÅ-MM-DD. Skriv eventuelt merknad i merknadsfeltet med informasjon om kva dokumentasjon som er lagt fram.

Først publisert: 21.03.2019