Slik sender fysioterapeut refusjonskrav for ridefysioterapi

Refusjonskrava du sender til Helfo, skal som hovudregel sendast elektronisk over Helsenettet.

Les om kva rekningane skal innehalde og dokumentasjon av refusjonskravet

Utbetaling og fristar

Refusjonskravet må settast fram innan seks månader etter behandlingsdato for at du skal få utbetalt oppgjeret. Fristen vert rekna frå utløpet av behandlingsmånaden. 

 

Helfo sin frist for å betale ut oppgjeret er

  • 5 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er sendt over linje
  • 30 dagar frå kravet vart motteke dersom kravet er send i posten

Slik koplar du deg på Helsenettet

Å levere refusjonskrav via Helsenettet er økonomisk, effektivt og sikkert.

Dersom de ikkje er kopla til Helsenettet, kontaktar de EPJ-leverandøren dykkar for å få konkret og tilpassa informasjon om kva val de kan gjere, og kva konsekvensar dei ulike alternativa gir.

Bestill Helsenettet gjennom eller etter avtale med EPJ-leverandøren dykkar, eller ta direkte kontakt med Norsk Helsenett for råd og rettleiing.

For å kople dykk på Helsenettet treng de Buypass Smartkort. Dette kortet er personleg. De kan derfor ikkje signere for andre behandlarar sine refusjonskrav til Helfo.

Dersom du ikkje er kopla på Helsenettet

Det kan sende oppgjeret på CD/DVD eller minnepenn dersom du iikkje er kopla på Helsenettet. Du må i så fall legge ved utfylt og signert samlerekning:

Forenkla samlerekning (05-10.05), nynorsk (PDF)

Forenklet samleregning (05-10.05), bokmål (PDF)

Det er viktig at alle felt i skjemaet er utfylt. 

 

Først publisert: 25.03.2019