Dette skal rekning for ridefysioterapi innehalde

Du dokumenterer refusjonskravet til Helfo ved fullstendig utfylling av rekningane og god journalføring.

Innhaldet i rekningane gir grunnlag for kontroll før utbetaling, mens anna dokumentasjon kan bli etterspurt i samband med etterkontroll.

Dette må rekninga innehalde

Namn og fødselsnummer, D-nummer eller anna eintydig identifikasjon til pasienten,  i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland. Henvisningdato, dato og klokkeslett for behandlinga og beløp. Du må fylle ut fylgjande skjema for kvar enkelt pasient du behandlar og krev refusjon for: 

Rekning ridefysioterpi (05-22.01), nynorsk (PDF)

Regning ridefysioterapi (05-22.01), bokmål (PDF)

Rekningane sendast til Helfo saman med samlerekninga.

Først publisert: 21.03.2019