Ny tilgangsstyring for Helfos Altinn-skjema for verksemder

Først publisert: 20.05.2026 Siste faglige endring: 20.05.2026

Helfos Altinn-skjema er lansert i nye og forbetra versjonar. I samband med dette endrar Altinn tilgangsstyringa for verksemder frå 31. mai 2026. Du kan allereie no ordne ny tilgangsstyring.

Artikkelen er 111 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Fram til no har du hatt tilgang til Helfos Altinns-skjema med rolla «Helse, sosial og velferdstjenester», eller gjennom tildelte rettar til ein type skjema. Frå og med 31. mai 2026 vil det ikkje lenger vere mogleg å fylle ut og sende inn Helfos Altinn-skjema på vegne av verksemda du representerer med den tidlegare tilgangsstyringa.

Endringa i tilgangsstyringa gjeld desse av Helfos Altinn-skjema:

  • Avtale om direkteoppgjer for kommunar, fylkeskommunar og føretak (avtaleskjema)
  • Klage på vedtak frå Helfo
  • Helfos skjema for verksemder, private aktørar, kommunar og helseaktørar (kravskjema; vert mellom anna nytta til krav om fastlønstilskot fysioterapi, eigendelar for fysioterapi, multidosetilskot, reise- og opphaldsutgifter ved kurssenter, og fleire)
  • Ettersende opplysningar til sak til Helfo

Slik handterer du overgangen:

  • To nye tilgangspakkar er aktuelle for Helfo sine Altinn-skjema:
    • For å sende inn skjemaet «Avtale om direkteoppgjer for kommunar, fylkeskommunar og føretak» krevst tilgangspakka «Generelle Helfo tjenester».
    • For å sende inn dei tre andre skjemaa i lista over krevst tilgangspakka «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori»
  • Alternativt kan du få tildelt rettar til å fylle ut og signere ein type skjema, for eksempel avtaleskjema eller kravskjema.
  • Personen som har Altinn-tilgangen «Tilgangsstyrer» eller «Hovedadministrator» i verksemda di kan gje deg tilgongspakkane «Generelle Helfo tjenester» og/eller «Helfotjenester med personopplysninger av særlig kategori» eller rettigheit til å fylle ut og signere ein type skjema.
  • Les meir om korleis verksemda di kan administrere dei nye tilgangspakkane i Altinn (altinn.no).
Til toppen