Hopp til hovedinnholdet

Spørjetenesta "Pasientens fastlege"

Fleire grupper av helseaktørar har behov for informasjon om kven som er fastlegen til pasienten. Her vil du finne informasjon om to ulike tenester som kan gi svar på kven fastlegen er.

den nettbaserte spørjetenesta «Pasientens fastlege» vil helseaktørar finne opplysningar om kven som er pasienten sin noverande fastlege med namn og adresse, samt eventuelle vikarar.

Følgjande helseaktørar kan få tilgang til denne spørjetenesta:

  • Sjukehus
  • AMK-sentralar
  • Legevaktsentralar
  • Kommunehelsetenesta
  • Legespesialistar
  • Avtalepsykologar
  • Fysioterapeutar/ manuell terapeutar med avtaler med kommuner
  • Kiropraktor
  • Private laboratorium og røntgeninstitutt
  • Fylkeslegar

Brukarnamn og passord til den nettbaserte spørjetenesta får du ved å sende e-post til post@helfo.no med opplysning om kva rolle du har innafor helsetenesta, sjå lista ovanfor. E-posten må også innehalde namn og adresse ettersom brukarnamn og passord må sendast ut via brevpost.

Det kan og vere mogeleg å få maskinell spørjing direkte frå ditt pasientadministrative system (for eksempel EPJ). Kontakt systemleverandøren din dersom du vil vite om du kan få tilgang til denne spørjinga.

Fastlegar, tannlegar og tannpleiarar kan få informasjon om kven som er pasienten sin noverande fastlege ved å ringe Helfo veiledning for helseaktørar (23 32 70 40).

Først publisert: 01.04.2019