Legar med fastlegeavtale, og legar som deltek i kommunalt organisert legevakt set fram krav til HELFO om refusjon for utført pasientbehandling.
Legane kan krevje ulike takstar avhengig av kva type undersøking/behandling pasienten får, og det vert skrive ei rekning per pasient per konsultasjon. Krava vert i hovudsak sendt elektronisk eller på diskett/CD til HELFO, og kravet vert så utbetalt til legen eller til kommunen.
Denne rapporten gir statistikk over kva som er ein gjennomsnittlig praksis for allmennlegane, basert på innrapportert takstbruk. Tala vert henta frå Kuhr, som er HELFO sitt program for kontroll og utbetaling av helserefusjonar.
– Ein lege sin taktsbruk vil kunne avhenge av legens praksisprofil. Likevel kan rapporten gje kvar enkelt lege ein indikasjon på kvar ein sjølv ligg når det gjelder takstbruk i forhold til andre leger, seier Torill Nydal i HELFO, som har laga rapporten.
To viktige formål
Formålet med analysen er todelt, og forsøker å
- gi omverda informasjon om kva som er ein gjennomsnittleg takstbruk i allmennlegepraksis
- gi legane moglegheit til å sjå eigen praksis opp mot ein gjennomsnittleg takstbruk
Rapporten gir oversikt over gjennomsnittleg bruk av alle takstane i allmennpraksis fordelt på dei fire kategoriane fastlege, fastløna lege, legevaktslege og kommunal legevakt. Ein får også ei oversikt over mellom anna gjennomsnittleg utbetalt refusjon per lege i 2011, gjennomsnittleg tal rekningar, gjennomsnittleg listestørrelse, bruk av laboratorietakstar og prosedyretakstar per konsultasjon og gjennomsnittleg kostnad per rekning.
Analysen syner at det er totalt 5 174 fastlegar, 2 019 fastlønte fastlegar, 5 053 legevaktslegar og 981 kommunale legevaktslegar som har levert oppgjer elektronisk eller på CD/diskett til HELFO i 2011. I tillegg er det levert inn krav frå ti organisasjonsnummer på fastlønte fastlegar, 21 organisasjonsnummer på legevakt, og 14 organisasjonsnummer på kommunalt organisert legevakt. Eit krav levert på organisasjonsnummeret til kommunen kan innehalde refusjon for ein eller fleire kommunalt løna legar.
Om avvik og feil
Totalt har 7 593 unike legar/organisasjonsnummer levert krav til HELFO i 2011. Av desse er det 6 765 unike fastlegar som har levert krav, det vil seie at 428 av fastlegane i 2011 har hatt både ein fastlønt og ein privat fastlegepraksis. Andre legar har hatt berre legevaktpraksis.
Rapporten viser at fastlegar har ein gjennomsnittleg listestørrelse på 1 211 pasientar, og gjennomsnittlig kostnad per listepasient er 694 kroner. Gjennomsnittlig utbetalt refusjonsbeløp for fastlegar er 776 069 kroner, medan fastlønte fastlegar har gjennomsnittlig utbetalt 193 985 kroner.
Gjennomsnittlig kostnad per rekning hos fastlegar er på 148 kroner, medan det hos fastlønte fastlegar er ein gjennomsnittlig kostnad per rekning på 121 kroner. Dette syner også at fastlegar har gått ned med 1 krone i gjennomsnittlig kostnad per rekning, medan fastlønte fastlegar gått opp med tre kroner frå 2010 tala.
Det er viktig å understreke at ein takstbruk som avvik frå gjennomsnittet ikkje er å sjå på som feil takstbruk. Det kan vere mange årsaker til avvika, blant anna ulike praksisprofilar. Tala gir likevel den enkelte lege eit utgangspunkt til å sjå eigen praksis opp mot ein gjennomsnittleg praksis.