Måndag 11. mai sto helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen for den offisielle opninga av den nye servicetelefonen, som vert drifta av Helseøkonomiforvaltninga (HELFO).
Samarbeid på tvers
Tenesta er eit samarbeid på tvers av heile helsetenesta, og er eit godt eksempel på samhandling.
– Dei som treng hjelp til å finne fram har frå no av eitt telefonnummer som dei kan ringe og få rettleiing. Med Helsetjenestens veiledningssenter på plass, blir det enklare å finne fram for brukarar og pasientar, understrekar helsedirektør Bjørn-Inge Larsen.
Helsetjenestens veiledningssenter skal kunne sende innringarane til riktig del av helsetenesta, enten dei vil ha hjelp frå primærhelsetenesta i kommunane eller spesialisthelsetenesta.
I dag eksisterer det allereie ei rekke spesialiserte og velfungerande hjelpetelefonar. Dei som kjenner tenestene frå før av kan framleis ringe direkte til for eksempel telefonen for Fritt sjukehusval, Rustelefonen eller Røyketelefonen. Helsetjenestens veiledningssenter er spesielt mynta på dei som ikkje kjenner dei nemnde telefontenestene.
– For enkelte brukarar kan det være vanskeleg å orientere seg mot akkurat den delen av helsetenesta som står der med hjelp. Vi håper at Helsetjenestens veiledningssenter kan guide brukarane til riktig stad, og dermed minske faren for sosial ulikskap, seier Larsen.
Vil utnytte kapasiteten
Helsetjenestens veiledningssenter blir også eit svært viktig reiskap for å utnytte kapasiteten i helsetenesta betre.
– Ei slik telefonteneste gjer at brukarane blir betre kjent med aktuelle tenester. Når brukarar og pasientar bli slusa til riktig stad, får helsevesenet brukt ledig kapasitet – mens brukarane opplever at ventetida blir redusert. Med Helsetjenestens veiledningssenter på plass kan vi mellom anna samkøyre Fritt sjukehusval og Raskare tilbake for å utnytte kapasiteten i helsetenesta på ein betre måte, seier Bjørn-Inge Larsen.
Ser til naboland
I England, Sverige og Danmark kan brukarar og pasientar i dag ringe til eitt telefonnummer eller finne informasjonen og hjelpa dei treng på ein internettstad. Målet til helsestyresmaktene er at Helsetjenestens veiledningssenter etter kvart skal utvide tilbodet.
– Ambisjonen vår er at Helsetjenestens veiledningssenter skal knytte til seg fleire rettleings- og servicetenester i 2010. Brukarane skal etter kvart og kunne få god hjelp på ei eiga internettside for Helsetjenestens veiledningssenter, fortel helsedirektøren.
Fakta om Helsetjenestens veiledningssenter
I første omgang skal Helsetjenestens veiledningssenter hjelpe brukarar som ringer inn med å finne riktig tilbod i helsetenesta – via telefonnummer 815 70 070. Etter kvart utvidar Helsetjenestens veiledningssenter tilbodet med ei eiga internettside der brukarane kan få liknande hjelp til å finne riktige helsetilbod. Helsetjenestens veiledningssenter samarbeider mellom anna med:
- Rettleiingstelefonen for Fritt Sjukehusval – pasientrådgjevartelefonen
- HELFO Pasientformidling
- Servicetelefonen
- Fastlegetelefonen
- Helsetrygdekorttelefonen
- NAV sin ”Raskare tilbake”-telefon for arbeidsgjevarar
Styringsgruppa bak den nye tenesta har bestått av representantar frå Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO), HELFO, Helsedirektoratet, NAV og Regionale helseføretak.