Hopp over båndkommandoer
Hopp til hovedinnhold

Kontakt

HELFO servicesenter

Servicetelefon: 815 70 030

E-post: servicesenteret@helfo.no

 

Kven har rett til stønad?

Du har rett til å få refusjon for utgifter til helsetenester etter denne refusjonsordninga dersom du er pliktig medlem av norsk folketrygd og i tillegg er statsborgar i Noreg eller eit anna EØS-land.

Dersom du vil ha informasjon om pliktig medlemskap, kan du kontakte NAV Internasjonalt (eller sjå ”Medlemskap i folketrygden på Nav.no” under ”Eksterne lenker”).

I tillegg er enkelte andre persongrupper omfatta:

  • Arbeidstakarar i Noreg som er busette i eit anna EØS-land, eller utsende arbeidstakarar frå Noreg, pluss forsørgde familiemedlemmer til desse, med blankett E 106 frå Noreg. Denne gruppa har rettar etter denne refusjonsordninga, men ikkje i det landet dei er busette. I bustadlandet gir E 106 rett til helsetenester etter reglane der.
  • Forsørgde barn under 25 år og familiemedlemmer til personar som er omfatta av dei andre gruppene. For dei blir det ikkje stilt krav om statsborgarskap i eit EØS-land.
  • Familiemedlemmer til ein arbeidstakar der familiemedlemmene er busette i Noreg, arbeidstakaren er busett i eit anna EØS-land og det er utferda blankett E 109. Familiemedlemmene har då rettar uavhengig av statsborgarskap. Rettar etter ordninga for arbeidstakaren må vurderast på sjølvstendig grunnlag.
  • Pensjonistar som er busette i Noreg og har fått utferda blankett E 121 frå heimlandet.
  • Flyktningar og statslause som er busette i eit EØS-land og er tilknytte norsk folketrygd.

Desse persongruppene er IKKJE omfatta av refusjonsordninga (lista er ikkje uttømmande):

  • Pensjonistar busette i eit anna EØS-land med blankett E 121 frå Noreg
  • Familiemedlemmer til ein arbeidstakar som bur i Noreg, der familiemedlemmene er busette i eit anna EØS-land og det er utferda blankett E 109 frå Noreg
  • Utflytta personar med frivillig medlemskap i norsk folketrygd
  • Personar busette i Noreg med medlemskap i norsk folketrygd, men utan statsborgarskap i Noreg eller eit anna EØS-land


Sist oppdatert: 28.09.2012
Send melding til sideansvarlig: Siv Gunhild Bøe Tøndevold


Copyright 2011 HELFO | Servicetelefon: 815 70 030, Telefaks: 33 51 20 50