Kva gir Europeisk helsetrygdkort deg rett til?
Når du viser fram det europeiske helsetrygdkortet ditt hos behandlaren, har du krav på nødvendig medisinsk behandling i det landet du er i, på same vilkår som dei som bur der. Derfor må du betale dei same eigendelane som innbyggjarane i landet.
Brødtekst
Når du får vurdert kva som er nødvendig behandling, skal det takast omsyn til kva slags helseteneste det gjeld, og kor lenge opphaldet er tenkt å vare.
Du har rett til dei helsetenestene som er nødvendige for at du på medisinsk forsvarleg måte kan bli verande i landet du besøkjer.
Helsetrygdkortet gir berre rett til nødvendig medisinsk behandling ved sjukehus eller lege som er tilknytt det offentlege helsevesenet i det landet du oppheld deg i.
Helserettane du har etter EØS-avtalen, er avgrensa. Det er derfor viktig å ha ei privat reiseforsikring i tillegg til helsetrygdkortet.
BredBrodtekst
Sist oppdatert:
12.12.2011
Send melding til sideansvarlig:
Lars Aleksander Haugen