Hopp over båndkommandoer
Hopp til hovedinnhold

Brukarundersøkinga på Helfo.no er avslutta

​HELFO har fått ei lang rekke nyttige tilbakemeldingar frå brukarane av internettsidene. (Foto: Colourbox.com)

06.12.2011  |  HELFO takker alle som svarte på brukarundersøkinga for Helfo.no for alle nyttige innspel og tilbakemeldingar.

​Brukarundersøkinga dukka opp på nettsidene frå slutten av oktober og fram til slutten av november.

Over 500 personar svarte på våre spørsmål om korleis dei som brukarar opplever internettsidene.

Om lag seks av ti var privatpersonar, fire av ti profesjonelle brukarar.

– Vi har fått mange gode innspel. Vi ser også at svara vi har fått bygger godt opp under planane vi allereie hadde for internettsidene våre. Mellom anna kjem det langt fleire sider på engelsk og nynorsk i tida som kjem. I tillegg held arbeidet med å forbetre alle sider, uansett målføre eller språk. Målet vårt er brukarvenlege nettsider og god rettleiing, seier nettredaktør Geir Hopen Nødset.

Tilbakemeldingane gjaldt ikkje berre internettsidene, men også korleis HELFO elles blir oppfatta.

Desse tre personane får tilsendt kvar sitt gåvekort på 500 kroner før jul, etter å ha blitt trekt ut som vinnarar blant dei over 500 som svarte på undersøkinga:

  • Gjermund Hansen
  • Marja Salolahti
  • Sigfried Thieme

Sist oppdatert: 06.12.2011
Send melding til sideansvarlig: Redaksjonen


Copyright 2011 HELFO | Servicetelefon: 815 70 030, Telefaks: 33 51 20 50