Hopp over båndkommandoer
Hopp til hovedinnhold

Kontakt

HELFO veiledning for helseaktører 815 70 070

Adresse:

HELFO

Postboks 2415

3104 Tønsberg

E-post: post@helfo.no

Ny takst for honorering av søknad om legemiddel

Frå 1. april er det endeleg slutt for bruken av takst L10 for legar. (Foto: Morten Rakke, HELFO)

 

14.03.2011  |  Frå 1. april 2011 vil takst L10 ikkje lenger vere gyldig takst ved søknad om individuell refusjon for utgifter til viktige legemiddel. I staden skal legar bruke takst H1.

Takst H1 vart 1. januar 2010 oppretta som ny takst for søknad om individuell refusjon av utgifter til viktige legemiddel.

Takst L10 gjaldt etter denne datoen ikkje for desse søknadane.

Individuell refusjon

Refusjon for takst H1 er for tida 152 kroner.

Taksten kan krevjast ved utfylling av

  • søknad om refusjon av utgifter til viktigare legemiddel
  • søknad om refusjon av utgifter til cox 2-hemmarar
  • søknad om refusjon av utgifter til vanedannande legemiddel 
  • søknad om dekning av utgifter til næringsmiddel

Lenke til søknadsskjema for helsepersonell finn du under ”Relatert informasjon” til høgre på denne sida.

Overgangsordning

At takst H1 erstatta takst L10, heng saman med at HELFO overtok ansvaret for stønadsområda i folketrygdlova si kapittel 5 frå Nav.  For stønader som Nav administrerer, er det oppretta andre takstar. Informasjon om dette finn du på Nav.no.

Fram til 1. april 2011 er takst L10 gyldig for nokre Nav-blankettar. Legar som etter 1. januar 2010 har brukt takst L10 framfor takst H1 ved søknad om individuell refusjon for utgifter til viktige legemiddel, har derfor likevel fått utbetalt refusjonskravet

Men frå 1. april 2011 må takst H1 alltid brukast. HELFO vil avvise alle rekninger  der takst L10 er brukt.

Sist oppdatert: 01.01.2014
Send melding til sideansvarlig: HELFO


Copyright 2014 HELFO | HELFO veiledning for privatpersoner: 815 70 030 | HELFO veiledning for helseaktører: 815 70 070 | post@helfo.no