Hopp over båndkommandoer
Hopp til hovedinnhold

Ny takstforskrift for legane frå 1. juli

​De viktigste endringene i den nye takstforskriften finner du i denne artikkelen. (Foto: Morten Rakke).

 

29.06.2011  |  Det er ikkje så veldig mykje endringar av takstane i den nye forskrifta, men vi kjem her med ei oversikt over dei viktigaste endringane som skjer frå 1. juli.

Det har lenge vore stilt spørsmål til om legar i fastlegepraksis kan krevje refusjon for spesialisttakstar/stjernetakstar dersom dei også har ei spesialistutdanning.  Frå 1.juli 2011 går det no fram av §2 punkt 5 i forskrifta som presiserer at berre legar som har driftsavtale med regionale helseføretak kan krevje spesialisttakstar/stjernetakstar. 

Dette vil føre til at alle legar som i dag er i ein fastlegepraksis/legevaktpraksis og brukar spesialisttakstar ikkje lenger kan krevje slike takstar. Alle legar som pr. i dag har brukt stjernetakstar i noko omfang, vil i løpet av næraste tida få brev om at denne takstbruken må avviklast.

Ny takst

Takst 1i er ein ny takst frå 1. juli 2011, og kan krevjast ved utskriving av elektronisk resept (E-resept). 

Takstendringar

Det har pr. 1. juli 2011 kome ei endring i teksten på takst 1f, og taksten kan etter 1. juli 2011 krevjast ved telefonsamtale eller skriftlig kommunikasjon om enkeltpasientar med fysioterapeut, kiropraktor, kommunal helse- og omsorgsteneste (pleie- og omsorgsteneste, helsestasjon, skulehelseteneste), NAV sosiale tenester, bedriftshelseteneste, samt med farmasøyt på apotek i forbindelse med LAR behandling.

Takst for legar med medisinsk doktorgrad har endra namn frå 2pd til 2p. Dette tilseier at taksten også kan brukast på legevakt.

Takst K01a – kataraktoperasjon, er no mulig å repetere, slik at legane frå 1. juli kan operere begge auge og krevje refusjon for dette på same dag. 

Takstane 101, 102 og 177g har tidligare hatt merknad om at dei kan nyttast x gongar pr. år. Mange har vore usikre på tolkninga rundt kor mange ganger per år ein kan nytte desse takstane. I takstane er dette no presisert; dei kan nyttast x gongar per kalenderår.

Takst 616 kan no også brukast ved særlig tidkrevjande arbeid ved henvisning til, eller innlegging i opptreningsinstitusjonar og smerteklinikkar,  Dette i tillegg til dei andre instansane som også tidligare har gått fram av takst 616.

Takst 660 kan frå 1. juli brukast ved årlig fullstendig undersøking også av demente og pasientar med kroniske psykosar som vert behandla med psykofarmaka.

  

Endring i merknadane

  • Det går fram av merknad B3 og B4 at der henvisningsopplysningane går fram av rekninga slepp avtalespesialistane å sende henvisninga til HELFO.
  • Under satsar for forbruksmateriell går det fram at ”Glucose/materiell til karbohydratbelastning” er flytta frå takst 10b til takst 10c.
  • Merknad B6 presiserer at legen kan krevje takst for sjukebesøk der pasienten på grunn av sin helsetilstand eller funksjonsevne ikkje kan møte fram på behandlingsstaden.  Vidare at legen har krav på takst for nødvendig heimebesøk til pasientar med kronisk alvorlig sjukdom når dette vert sett på som nødvendig for å sikre pasienten faglig god oppfølging.
  • Når det gjeld bomtur, er det no presisert i merknad C1 at der det ikkje er nokon namngitt pasient å skrive rekning på, skal legen skrive rekning i eige namn på takst 21d/21k.
  • I merknad G1 går det no tydelig fram at røntgentakstane berre kan nyttast på røntgenundersøking som føregår på legekontoret.

 

 

 

Sist oppdatert: 29.06.2011
Send melding til sideansvarlig: Torill Nydal


Copyright 2011 HELFO | Servicetelefon: 815 70 030, Telefaks: 33 51 20 50