Direkte oppgjer
Ein lege som gjev behandling eller yt tenester som vert dekka av folketrygda, kan etter avtale få rett til direkte oppgjer med HELFO (Helseøkonomiforvaltningen).
Medlemmet sin rett til stønad er grunnlag for legen sin rett til betaling gjennom direkteoppgjer med HELFO. Legen kan difor berre få refusjon dersom vilkåra etter kapittel 5 er oppfylt, og legen ikkje er fråteken retten til å praktisere for trygda si rekning.
Refusjonsretten er vidare regulert i avtale om direkte oppgjer (Kollektivavtale/Mønsteravtale). Avtale om direkte oppgjer er ei personlig avtale, og vert inngått med den som gjev behandling eller tenester trygda er stønadspliktig for.
Sist oppdatert:
26.04.2010
Send melding til sideansvarlig:
Torill Nydal